Enormt engasjement for brannskadde Mrisho

Skrevet av ARTHUR KLEIVELAND

kor rosslandROSSLAND: Eit engasjement av dei sjeldne. Bygdefolk i Rosslandkrinsen har slått ring om brannskadde og foreldrelause Mrisho (15) frå Tanzania.

Eldsjelene hadde håpt å skaffa 30.000 kroner for å gje guten operasjon og nytt liv. Etter basaren på søndag står det 64.000 kroner på kontoen. Nok både til operasjon og til å hjelpa andre brannskadde i Aust-Afrika.

Har ikkje ord

Eg har ikkje ord. Eg er overvelda og svært takknemleg over den oppslutninga aksjonen har fått. No blir det pengar både til å hjelpa Mrisho og andre brannskadde ved klinikken i Addis Abeba. Dette hadde vi ikkje drøymt om då vi gjekk i gang for nokre veker sidan, seier Åse Berit Minde Mæstad, primus motor for aksjonen på Rossland og Strilongane sin basar.

Legen imponert

mrishoUtruleg oppmuntrande å oppleva eit slikt enormt engasjement frå liten og stor. Eg har aldri opplevd maken til oppslutning om ein basar. Vi skal kunna behandla mange pasientar for den summen som kom inn her, seier Einar Eriksen, overlege ved brannskade- avsnittet på Haukeland universitetssjukehus. Han står i spissen for ei ideell stifting, www.childrensburncare.com, som er i ferd med å etablera eit behandlingssenter for brannskadde barn i Addis Abeba i Etiopia, som blir einaste i sitt slag i Aust-Afrika. No driv han operasjon- verksemd i eit nytt sjukehus, som barnesenteret skal knyttast til.

Eit samantreff

De kunne nok ha gitt meg ein enklare pasient. Men vi skal sjå kva det er mogleg å gjera for han, seier Eriksen, som no har permisjon frå legejobben på Haukeland. Han har sagt seg villig til å operera Mrisho sine føter i nær framtid. Han reknar med det blir nødvendig med tre operasjonar på kvar fot.

- Det er litt av eit samantreff at eg står her i dag, seier Eriksen. Han vart nemleg kontakta av Åse Berit Minde Mæstad, som saman med andre bestemte seg for å gå til aksjon etter å ha møtt Mrisho.

Strilongane i aksjon

korjenter rosslandDet er veldig kjekt å vera med og hjelpa Mrisho og andre barn som er brannskada, seier Isabelle Amalie Meyer Bogen og Mia Gundersen Kvamme, to av jentene i Strilongane, som song duett under koret si avdeling på basaren.

Vi har sett bilder av Mrisho, og håpar han kan bli bra igjen, seier jentene.

Meland kommune har også gitt sin skjerv. Ordførar Nils Marton Aadland hadde med seg 3000 kroner. - Imponerande at eit heilt lokalsamfunn stiller opp på denne måten, seier Meland-ordføraren.